Artist

Gard Nergaard – improviserande musikar, komponist og storyteller – stadig på leit etter nytt land ein stad mellom folkemusikk og jazz. Han navigerer kompromisslaust i eit mangfald av impulsar, med fiolin, hardingfele, bratsj og mandolin som sine viktigaste verktøy, i tillegg til ein forteljarevne av ein sjeldsynt virtuositet.

Trass i sin unge alder har han allereie skapt seg ein solid posisjon som ein sterk og levande formidlar av feletradisjonen frå Agder og si eiga, kreative vidareføring av denne. I 2015 gav han ut dobbeltplata Seint var det om kvelden, der han tok føre seg heile utviklinga til tradisjonsmusikken i Vest-Agder. Plata fekk strålande tilbakemeldingar, og blei blant anna karakterisert som ”sensasjonelt god” av forfattar og kulturist Hallgrim Berg (les her!).

Urokråke i folkemusikken, nonkonformist i jazzen. «Berre det er annleis, så er det bra”, seier mykje om hans kunstnariske grunninnstilling, men vel så mykje er det ein stadig streben etter å vera tru mot musikken i like stor grad som mot seg sjølv som pregar musikarskapet hans.

Med dette har han evna å ta seg for av eit uvanleg breitt musikalsk spekter og likevel alltid finna seg til rette og by generøst på seg sjølv i samspel. I sin eigen musikk har han ein sterkt særeigen musikalsk personlegdom, og slår seg ikkje til ro før han finn sin eigen veg å gå, der alt skal granskast og ingenting blir tatt for gitt.