Nergaard/Krumins

Kan Gard Nergaard / Michael Krumins finna opp folkemusikken på nytt? Føkkit, klart vi kan!

Duoen Gard Nergaard / Michael Krumins samlar to ustyrlege virtuosar i vidareføringa av den sørnorske folkemusikken. Komposisjonane til Nergaard er høgtsvevande og grensesprengande, men med klare røter i tradisjonen han kjem frå. Michael Krumins har eit uvanleg musikalsk overskot og frilynne, og er kjend som ein av dei mest karismatiske gitaristane vi har.

Når dei to møtest på scena, set dei musikken på prøve med ein fandenivoldsk leikenheit og vever det heile inn i eit univers av mytar og historier så du skulle tru at både spøkelse og Fanden sjølv kunne finne på å dukke opp. Publikum kan ikkje anna enn å snappa etter pusten!


PLATESLEPP NOVEMBER 2017: ”Å LEGGE PÅ SVØM”

”Å legge på svøm” handlar om å strekke seg mot nye farvatn, men å vite at du stadig svømmer i samme sjø som alle dei du står i gjeld til i tradisjonen før deg. Gard Nergaard / Michael Krumins set ned foten med ei ambisiøs og visjonær utgjeving av eit fullstendig kunstnarisk univers.

Nykomponert folkemusikk, høgtsvevande og full av turbulens, er omgitt av ei bok med ei historie rundt kvar låt – alt frå kvardagslege hendingar på gata i Paris, gjennom dramatiske eventyr i Mosambik til apokalyptiske draumar i Mandalen – og eit kunstverk som den skarpsynte, unge kunstnaren Lena Trydal står bak. Plata er omslutta av ei vakker bok på 36 sider med historier i både norsk og engelsk språkdrakt, kunstverk og musikk side om side. Plata kjem ut under Folkelarm 2017 – der Gard Nergaard / Michael Krumins er plukka ut til å vera blant årets artistar.

Med ”Å legge på svøm” beviser Gard Nergaard / Michael Krumins på fengande vis at folkemusikken er nå!

Følg oss på Facebook her!


Gard Nergaard fiolin, mandolin

Michael Krumins gitar